Hardanger Fartøyvernsenter

Hardanger fartøyvernsenter er eit nasjonalt fartøyvernsenter og museum. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden. I 2025 vart det nye publikumsbygget kalla Kulturnaustet ferdig. Der finne ein kafé med kaker og lunsjrettar, utstillling, museumsbutikk, bibliotek med maritim faglitteratur og plass til å jobba, leikeområde og stellerom til born og ein fantastisk utsikt over fjord og fjell.

Kort historikk

Hardanger fartøyvernsenter starta som eit ungdomsprosjekt i 1984. Hardangerjakta S/J Mathilde vart innkjøpt, og ungdomane fekk ta del i restaureringa av den gamle skuta. Etter 50.000 arbeidstimar kunne dei kasta loss og legga ut på sitt fyrste tokt med Mathilde. 

Idag

Mykje har skjedd sidan starten. Idag er senteret ein del av Hardanger og Voss museum, og har eit av dei største fagmiljøa på restaurering av fartøy i Norden. Senteret er ei nyskaping i norsk samanheng, med satsing på fartøyvern, leirskule, reiseliv, museum, formidling til born og unge, fagopplæring og vern av gamle handverkstradisjonar. I tillegg til dette leverer senteret tenester innan dokumentasjon for riksantikvaren og private. Om lag 40 personer arbeider no ved senteret, deriblant båtbyggjarar, handverkarar innan bygningsvern, reipslagarar, smed,  fagkonsulentar og forskarar.

Kalender

Dato Kl. Tittel Sted
28.02.2026 18:00 Konsert: Jørn Hoel Kulturnaustet
12.03.2026 18:00 Føredrag: Terje Vigen, Ibsen, sjøfarten og eg Kulturnaustet

Kontaktinformasjon

47 47 98 39 / 

visit@fartoyvern.no

fartoyvern.no

https://www.facebook.com/hardangermaritime/

Sjur Tarjei Fykse

Adresse
Sandvenvegen 50
5600 Norheimsund

Andre opplysninger

Org.nummer
987927704

Åpningstid
Mon: Stegt / tys – ons: 11 – 14 / tors – fre: 11 – 17 / laur – sun: 11 – 16

Antall ansatte
0

Kategori
Kunst, kultur og historie

Område
Kvam

Stikkord
Kafé, utstillingar, aktivitetar for born, båtleige, møterom, kinosal, fagbibliotek, handverkstenester, båtbygging

Sist oppdatert
21.01.2026

Rediger med kode
2026 © Foreningsportal