Hardanger Fartøyvernsenter
Kunst, kultur og historie
Hardanger fartøyvernsenter er eit nasjonalt fartøyvernsenter og museum. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden.
I 2025 vart det nye publikumsbygget kalla Kulturnaustet ferdig. Der finne ein kafé med kaker og lunsjrettar, utstillling, museumsbutikk, bibliotek med maritim faglitteratur og plass til å jobba, leikeområde og stellerom til born og ein fantastisk utsikt over fjord og fjell.