Bygdalarm

Bygdalarm presenterer båe norske og internasjonale artistar innan pop, rock og elektronika. Festivalen har eit tydeleg vestlandspreg — båe med tanke på lokasjon og atmosfære. Lokalsamfunnet vårt og dugnadsinnsatsen spelar ei sentral rolle, og festivalen legg vekt på at folk skal ha ei god oppleving! Gå ikkje glipp av neste utgåve av Bygdalarm som går føre seg 3.-5.juli i 2026!

Bygdalarm er ein musikkfestival som blir arrangert i Hardanger. Festivalen starta opp i 2007 i Øystese, og flytta seinare til Norheimsund der den blir arrangert i dag. Bygdalarm går vanlegvis av stabelen den fyrste helga i juli.

Festivalen løftar fram eit breitt spekter av norsk musikk, med alt frå pop og elektronisk musikk til rock og meir sjangerblanda uttrykk. Artistane varierer frå etablerte namn til nye, spennande stemmer i musikkfeltet. Programmet består båe av hovudkonsertar , klubbkonsertar og DJ's utover kvelden, og i tillegg finst eige opplegg for familiar og born gjennom familiekonserten Badnalarm.

Bygdalarm er tett knytt til lokalsamfunnet. Dugnadsinnsats, lokalmat og den unike plasseringa mellom fjord og fjell skaper ei særprega festivaloppleving. Målet er ikkje berre gode konsertar, men eit varmt og inkluderande fellesskap der båee publikum, bygda og frivillige spelar viktige roller.

Festivalen har etablert seg som ein viktig møteplass for båe musikkinteresserte, folket i bygdene og besøkande frå heile landet.

Kalender(viser inntil 20 oppføringer

Kommende Tidligere
Dato Kl. Tittel Sted
05.06.2026 17:00 Bygdalarm Kick off Holmatun
03.07.2026 17:00 Bygdalarm 2026 Meieritomta
04.07.2026 17:00 Bygdalarm 2026 Meieritomta

Kontaktinformasjon

920 85 054 / 

ida@bygdalarm.no

www.bygdalarm.no

Ida Sørheim

Postadresse
Meieritomta i Norheimsund
5600 Norheimsund

Andre opplysninger

Org.nummer
990920567

Stiftet dato
15.02.2007

Område
Norheimsund

Målgrupper
Alle

Stikkord
musikk, festival, moro, felleskap, kultur, natur, fjord,fonn,fenalår,dugnad,diskokule,deiligpop,lokalforankring,lokalmat,artistar,pop,rock,elektronika

Sist oppdatert
11.05.2026

Rediger med kode
2026 © Foreningsportal