Kultursamskipnaden Lått

Kultursamskipnaden Lått står bak Kvammarevyen. Lått har tre stiftarar: Eirik Kvarv, Sigbjørn Linga og Håvard Markhus. I januar 2026 arrangerer samskipnaden den fyrste revyen deira, "Noko kjem til å koma!"

Me innsåg brått at livet vårt verka meiningslaust og rutineprega, og kom i snakk om det. Heldigvis fann me ei løysing: Me må skipa til revy! Slik vart det.

Målet vårt er å ha det moro, å tilføra mange andre moro og  å fylla det me trur er eit vakuum i kulturlivet i Kvam: lettbeint underhaldning, fjas og satire, helst med ein snev av raffinement, bygt på det beste av det gamle, men samstundes nyskapande .

Lukkast me, er det supert. Mislukkast me, har me freista.

Kontaktinformasjon

957 35 195 / 

eirikkvarv@gmail.com

www.lått.no

www.facebook.com/profile.php?id=61579200001199

Eirik Kvarv

Andre opplysninger

Org.nummer
936120849

Stiftet dato
05.09.2025

Kategori
Song, musikk, teater og dans

Område
Kvam

Målgrupper
Alle

Sist oppdatert
27.11.2025

Rediger med kode
2026 © Foreningsportal