Fredag
23
Januar
kl. 19:30 - 21:30
Thon Hotel Sandven, Norheimsund
Arr: Kultursamskipnaden Lått
«Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» - Premiere
Årets høgdepunkt i 2026 kjem alt i januar. Trur me. På Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Vil du gå glipp av det? Me tilrår det ikkje.Eit handplukka lag av skodespelarar, songarar, musikarar og tekstforfattarar gler seg til å syna fram «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» for deg.
Nokre har kanskje underhalde deg før. Andre har du ikkje i dine villaste mareritt sett på ei scene. Me trur det vert gode greier.