Lørdag 24 Januar
kl. 15:30 - 17:30
Thon Hotel Sandven, Norheimsund
Arr: Kultursamskipnaden Lått

«Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» - Ekstraframsyning

Årets høgdepunkt i 2026 kjem alt i januar. Trur me. På Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Vil du gå glipp av det? Me tilrår det ikkje.

Eit handplukka lag av skodespelarar, songarar, musikarar og tekstforfattarar gler seg til å syna fram «Kvammarevyen 2026 – Noko kjem til å koma!» for deg.

Nokre har kanskje underhalde deg før. Andre har du ikkje i dine villaste mareritt sett på ei scene. Me trur det vert gode greier.

Lør 24.01.2026
15:30 - 17:30
Barn og ungdom, Seniorar, Vaksne, Alle
Thon Hotel Sandven, Norheimsund
Kvam
Kultursamskipnaden Lått
Del på
2026 © Foreningsportal