Invitasjon til kulturlivet med Kvam herad
Kva skjer når dei kreative kreftene i Kvam møtest – og får høve til å kople seg på eit større fellesskap i heile Vestland?Vestland Kulturråd i samarbeid med Kvam herad inviterer til eit inspirerande møte der me saman løftar blikket, deler erfaringar og finn nye vegar for kulturarbeidet i kommunen. Vestland Kulturråd samlar og styrkar det frivillige og amatørbaserte kulturlivet i heile fylket. Me bidrar til etablering av kulturråd i kommunar i Vestland. Me skapar møteplassar, deler kunnskap og er kulturlivets felles stemme mot politikarar og myndigheiter.
No kjem me til Kvam – og du er ein viktig del av dette fellesskapet!
Stad: Thon Hotel Sandven
Dato: Tysdag 16. desember 2025
Klokkeslett: 13:00 - 15:00
Kvifor bør du kome?
- Lær av andre – få innsikt i kva som fungerer i andre kommunar.
- Bygg nettverk – få støtte, samarbeid og nye kontaktar i kulturlivet.
- Påverk framtida – bli del av den samla stemmen som jobbar for kulturfeltet i Vestland.
Som deltakar får du:
- Eit sterkt fagleg nettverk
- Samarbeid med andre i same situasjon
- Ei profesjonell stemme som talar for kulturlivet
- Ei arena for utvikling, påverknad og nye idear
Me håpar du blir med! Ta med engasjement, spørsmål og lyst til å utvikle kulturlivet i Kvam vidare.
Påmelding innan 15.12.25
E-post til Mary Ann Sørheim: MARS@kvam.kommune.no
Saman får me til meir – for fleire.