Lørdag 7 November
kl. 11:00 - 15:30
Kabuso
Arr: Kabuso

Tresnittverkstad 1/2

Kabuso gjentar det populære kurset frå i haust: Mer nye datoar. C (aldersgrense 15 år)! Kurset er i 2 delar og med grafikar Åse Vikse som instruktør. Du får erfaring med å skjere ut motiv i tre og trykke på papir. Kurset byggjer på bruk av gjenbruksmateriale og enkle ressursar. Det du lærer på kurset kan du ta med deg heim og halda fram med utan å gå til innkjøp av store mengder utstyr. Kurset går over 2 ettermiddagar i februar/mars: Laurdag 7. november kl. 11-15.30: Me utviklar kvar vår form i tre som me nyttar til å trykke på papir, og vidare ser me på korleis ein kan repetere og såleis lage mønster. Laurdag 21. november kl. 11-15.30: Me blir betre kjend med trykkemetoden og arbeider med meir samansette motiv. Me ser på lys og skugge i trykk og du lærer korleis ein lagar reduksjonstrykk Du kan velje å vere med på begge øktene eller berre den første. For å vere med på den andre kursdagen må du anten ha vore med på del 1 eller har erfaring med høgtrykk som t.d. lino- eller tresnitt frå før. Maks 8 deltakarar per kursdag. Pris 1320,- for 1 gong / 2300,- for begge. Materialar, lunsj, kjeks og te/kaffi er inkludert i kursavgifta. Ha på deg eit forkle eller kle som toler å få flekkar på seg under kurset (høve til å skifta på huset) Ta gjerne også med papir du ynskjer å trykke på.

PÅMELDING

Åse Vikse (f. 1981) er ein tverrfagleg grafikar som bur og arbeidar i Øystese, Hardanger.

Ho held BA (Hons) i Commuication Design (Illustration) frå Gray’s School of Art Aberdeen og MA i Fine Art (Printmaking) frå Middlesex University London.

I tillegg, fleire kurs i ulike grafiske teknikkar som danna grunnlag for ei sterk interesse for grafikk som uttrykksform og førte vidare til fagspesifikk utdanning.

Ho har vist arbeid i m.a. Oslo, Bristol, Ísafjörður og London.

Vikse arbeider både med tradisjonelle teknikkar som tresnitt, og meir kontemporære monotrykk.


Vikse er oppteken av å nytte materiala som er tilgjengelege rundt oss. Gjennom å bruke materiala me finn rundt oss, vert vi utfordra til å skapa med eit avgrensa fotavtrykk.

Lør 07.11.2026
11:00 - 15:30
Kabuso
Øystese
Kabuso
Del på
2026 © Foreningsportal