Lørdag 7 Februar
kl. 14:00
Kabuso
Arr: Kabuso

Opning: Lars Korff Lofthus/Ingrid Toogood/Bjørn Båsen + Gillian Carson

Laurdag 7. februar opnar årets første nye utstillingar! Ope hus frå kl 13, opning av utstilling kl 14. Hovudutstilling: Lars Korff Lofthus Ingrid Toogood Bjørn Båsen Foajeutstilling: Gillian Carson Forfriskingar og open kafe Etter opning - ca kl. 15.30 markerar Kabuso 20-årsjubileet med inviterte gjester, talar, småmat og marsipankake. Kl. 17 kan du oppleva bande Foreningen for by og bygd - sjå eige arrangement. Velkomen!

Om utstillingane:

Tre malarar om ornamentikk og rom

Ein viktig del av å jobbe med maleri er å bestemme seg for kvafor eit rom ein ynskjer å skape. Gjennom historia har dette endra seg mange gonger. Nokon gonger har det vore viktig at maleriet skal vere så «flatt» som mogleg. Andre gonger har det vore viktig å skape store tredimensjonale rom. Denne utstillinga viser tre kunstnarar som er oppteken av kva dette rommet kan vere.

I tillegg til det reint maleriske rommet ynskjer dei å undersøke korleis sjølve gallerirommet kan bli ein del av samtalen.

Eit anna felletrekk for dei tre kunstnarane er interessa for ornament. Folk har alltid laga ornament på bygningar, møblar og interiør. Dette kan vere for å symbolisere meining og verdi, identifisere bruken, finne rytme og skape samhald og identitet.

I arbeida til Toogod, Båsen og Lofthus får ornamenta fleire roller. Dei kan peike på større forteljingar, stille spørsmål ved kva som er ekte, eller sende betraktaren i ein uventa retning.


Gillian Carson - foaje

Kunstnaren (f. 1960) om eige arbeid: Eg er ein multidisiplinær kunstnar som arbeider med ei rekkje medium og teknikkar – inkludert teikning, måleri, skulptur, performance og installasjon.

Arbeida mine er prega av taktile og repetisjonelle kvalitetar.

Dei vert bygde opp gjennom lag på lag med linjer eller material, der den repeterande gesten utgjer sjølve grunnlaget for komposisjonen.

Nokre område er tettmetta, medan andre stader er lett skraverte – noko som opnar for luft og rom.

Vona mi er at denne variererte tilnærminga skapar djupne og tekstur, der strukturen dominerer biletflata.

Lør 07.02.2026
14:00
Kabuso
Øystese
Kabuso
Del på
2026 © Foreningsportal