Utstillingsopning: Dyrdal/Mogstad/Welsh
Vel møtt til opning av sommarens utstilling Dyrdal/Mogstad/Welsh i Kabuso 16. mai kl. 14! Gratis og ope for alleDyrdal / Mogstad / Welsh:
Gjennom video, tekstil og måleri reflekterer kunstnarane kring korleis vatn ter seg og fangar skiftingane i lyset.
Eit fellestrekk for kunstnarane i utstillinga er interessa for vassflata sine speglingar:
Teppa til Kari Dyrdal er nøye planlagde framstillingar av vatnet sine kvervlande nanosekund, omsett til motiv i renning og innslag, ein visuell spagat som jacquard-teknikken gjer mogleg.
Jeremy Welsh observerer vatnet sine ulike skikkelsar, som tåke, regn, fjord, bre og snø, og korleis vatnet flyt gjennom kameralinsa og dei elektroniske signala i videoskjermen.
Jon Arne Mogstad har eit djupt engasjement for korleis hand og auge evner å feste dei raske skiftingane til lerretet ved hjelp av pigment og olje.
Foto: Kari Dyrdal – Acid Sea