17. mai-feiring i Øystese
Velkomen til folkefest i den flotte bygda vår!I år er det rode 1 som inviterar til feiring av nasjonaldagen i Øystese. Saman skal me sørge for at det vert ein kjekk og innhaldsrik dag for både liten og stor. På programmet står det alt frå tog, sang og talar til is, leik og moro.
Vonar me sjåast!
Årets program
07.00 Salutt. Øystese musikklag spelar i rode 1.
10.00 Barnetoget går frå Øystese skule til Øysteseheimen
Allsong: «Ja, vi elsker dette landet» 1. og 7. vers.
«No livnar det i lundar», 1. og 2. vers. Forsongar: Harald Kjosås
Øystese Skulemusikklag spelar til allsongane.
Barnetoget går vidare ned Rokabrekka til oppsida av Mikkjelsflaten.
Allsong: «Ja, vi elsker dette landet» 1. og 7. vers.
Helsing til dei eldre på Mikkjelsflaten v/Oda Øvsthus Kolltveit og Olivia Gjerde.
Allsong: «Fagert er landet» 1. og 2. vers.
Barnetoget går vidare rundt Mikkjelsflaten og til Øystese kyrkje.
10.30 Minnestund ved gravene til dei falne
Allsong: «No livnar det i lundar», 1. og 2. vers. Forsongar: Harald Kjosås
Øystese Skulemusikklag spelar til allsongane
Minneord v/Hallgeir Torpe
Flagghaldarar: v/Tord Toft og Johan Neteland
Kransepålegging: Hallvard Vik og John Skei
Allsong: «Ja, vi elsker dette landet», 1. og 7. vers. Forsongar: Harald Kjosås
Korsong på kyrkjetrappa v/mannskoret Laudamus
11.00 Festgudsteneste ved prestevikar Norunn Rød Markhus og organist Sevinj A. Øvrehus
Song av Øystese Barnekor. Dirigent Norunn Rød Markhus
Song av mannskoret Laudamus. Dirigent Harald Kjosås
12.00 Oppstilling av folketoget. Oppmøte i rundkøyringa ved Fruktlageret.
12.15 Folketoget startar. Ruta går langs riksvegen til kaien – tilbake til Øystesehallen
13.00 Folkefest i Øystesehallen. Velkomsthelsing ved festleiar Hallgeir Torpe
Allsong: «Fagert er landet», alle tre vers. Forsongar: Harald Kjosås
Musikkinnslag: Hanne Berge, hardingfele
Musikk- og danseinnslag: Marte Linga (hardingfele), Jan Aril Sivertsen og Hanne Berge
Premiering av beste hurrarop i barnetoget og beste innslag i folketoget
Musikkinnslag v/Øystese Musikklag
Utdeling av gåve til Øystese Musikklag og Øystese Skulemusikklag
Tale for dagen v/Stener Kvinnsland
Stener er professor emeritus innan kreftmedisin. I nær ni år var han direktør for
Helse Bergen. Han er utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Han har hatt eit nært
forhold til Kvam og Øystese i mange år og vist eit stort engasjement mellom
anna for Hardangerbadet og Helse i Hardanger.
Allsong: «Nordmannen», alle fem vers. Forsongar: Harald Kjosås.
Russetale v/russepresident Victoria Valland.
Allsong: «Ja, vi elsker dette landet», 1., 7. og 8. vers. Alle reiser seg. Forsongar: Harald Kjosås.
13.00 Leikar for borna på fotballbanen - held fram til ca. kl. 15.00.
13.00 Sal av pølser, is og brus på området rundt og i Øystesehallen.
14.00 Sal av nydeleg betasuppe, kaker og kaffi i Holmatun.
14.00 Feiring startar på Fykse. Tale ved Lars Stevnebø Kaale kl. 15.00.
15.00 Feiring startar på Soldal.