Onsdag
30
September
kl. 19:00
Kabuso
Arr: Kabuso
Erik Bye 100 år
Billettslepp: Måndag 24. august kl 12
Marianne Bye Granheim – vokal
Sigmund Groven – munnspel
Henning Sommerro – piano
2026 er det 100 år sidan kulturkjempa Erik Bye vart fødd.
I tillegg til den eineståande posisjonen sin i norsk samfunns- og kulturliv gjennom verksemda si som høgt elska programskapar i radio og fjernsyn i fleire tiår, var han ein av dei store diktarane våre.
Songar som Vårherres klinkekule, Vår beste dag og Blå salme er folke-eige.
Dotterdottera hans, Marianne Bye Granheim, er ei av dei fremste og mest allsidige unge songarane våre, med eit repertoar som spenner frå oratorium til viser.
Saman med to musikarar og komponistar som Erik Bye samarbeidde tett med gjennom åra, Henning Sommerro og Sigmund Groven, presenterer ho viseskatten etter morfaren sin.
BILLETTAR
|
Ons 30.09.2026 |
|
19:00 |
|
Kabuso |
|
Øystese |
|
Kabuso
|
Del på