Torsdag 24 September
kl. 18:00 - 19:30
Kulturnaustet
Arr: Hardanger Fartøyvernsenter

Filmvising: "Den siste båtbyggjaren" og "Gryteviks-Olina"

Merethe Offerdal Tveit viser og fortel om filmane «Den siste båtbyggjaren» og «Gryteviks-Olina» i filmsalen i Kulturnaustet.

Merethe Offerdal Tveit viser og fortel om filmane «Den siste båtbyggjaren» og «Gryteviks-Olina» i filmsalen i Kulturnaustet.

Dokumentar om Herand si lange og rike historie knytt til båtbyggjing, der ein gjennom intervju med den siste båtbyggjaren i Herand, Sverre Haugen, får eit levande innblikk i historia.

«Gryteviks-Olina»

Etter å ha kome over eit forlete gamalt hus midt i sandtaket i Omvikdalen, går filmregissør Merethe Offerdal Tveit i gong med å jakte på historia om dei som ein gong budde i huset. Ho søker i gamle arkiv og snakkar med eldre i området. Det viser seg at røykstova frå 1700-talet kan fortelja sterke historier om livet på ein liten husmannsplass og om djup fattigdom. 

Filmvisinga startar kl. 18, billettar kan kjøpast på nett her, og i døra. Inngang 100 kr og kafeen er open frå kl. 17.

Tor 24.09.2026
18:00 - 19:30
Kulturnaustet
Kvam
Hardanger Fartøyvernsenter
Del på
2026 © Foreningsportal