Føredrag: Folgefonna smeltar - kva vert konsekvensane?
Bli med på ei engasjerande og visuelt sterk reise inn i dei skandinaviske fjella si fortid, notid og framtid! I denne presentasjonen får du høyre siste nytt frå forskingsfronten om klimaendringar, ekstremvêr, snø og is, og kva som eigentleg skjer når breane våre forsvinn. Du får innsikt i korleis jetstraumen, Golfstraumen og havis påverkar vêr og klima på Vestlandet, og du får unike glimt inn i forsking på Folgefonna samt framtidsscenario for fjellandskapet vårt – alt støtta av sterke bilete og ferske data.Jostein Bakke er professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen og tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking. Han forskar på korleis klimaet har endra seg gjennom tusenår, med særleg fokus på brear, vasskraft og hydroklima langs vestlandskysten og i polarområda. Bakke leier Centre for Mountains in Transition (CMT), eit senter som arbeider med å forstå og formidle korleis fjell og brear er i endring i møte med eit varmare klima. Han er òg medlem av Det Norske Vitenskaps-Akademi. Med bein planta i både laboratoriet og fjellet engasjerer Bakke seg sterkt i å bringe klimaforsking ut til eit breiare publikum.
Føredraget startar kl. 18, billettar kan kjøpast på nett, og i døra. Inngang 100 kr og kafeen er open frå kl. 17.
Foto: Jostein Bakke