Lørdag
12
September
kl. 14:00
Kunsthuset Kabuso
Arr: Kabuso
Utstillingsopning : BØYGD
Laurdag 12. september kl 14 opnar haustens utstilling BØYGD i Kabuso. Forfriskingar, open kafe og uteservering. Presentasjon av kunstnarane kl 15.15 Velkomen! Kunstnarar: Margaret Abeshu Leversby, Tor Erik Bøe, Silje Ensby, Cato Løland, FjordMoods, Ingeborg Tysse, Hege Iren Aasdal. I samarbeid med: Hardanger folkemuseum og Hardanger fartøyvernsenter. Utstilling er kuratert av Kiosken Studio, ved Daniela Ramos Arias og Siv Støldal Utstillinga kan opplevast t.o.m. 30. desember.Bøygd, bøya, å bøya, å manøvrera, å utvida, å knyta saman, å strekkja seg ut og ta på ein annan. Å vera porøs, å absorbera, å opna seg og sleppa ting inn.
Kuratorar er Daniela Ramos Arias og Siv Støldal, med sterk støtte frå Stine Aas. Saman utgjer dei kuratorteamet til Kiosken, eit kuratorkollektiv og ein stad i Bergen.
I 2024 starta me ein spennande samtale med Sissel Lillebostad, dagleg leiar og hovudkurator ved Kunsthuset Kabuso. Gjennom denne samtalen fekk Kiosken ein invitasjon til å kuratera ei utstilling på Kabuso i 2026. Dette kjendes som ein luksus – ikkje berre å ha tid til å planleggja, forska og tenkja, men òg å kunna utvida den kuratoriske praksisen vår utanfor lokalet vårt i Bergen og tenkja større.
Me visste at me ville ta med oss den tverrfaglege og samarbeidande identiteten vår inn i prosjektet og skapa høve til å møtast og dela idear og prosessar. Dette leidde fram til Bøygd: ei utstilling som inviterer kunstnarar, designarar og tradisjonshandverkarar til å møtast, dela kunnskapen og prosessane sine med kvarandre, og absorbera litt frå kvarandre sine praksisar.
For å gjera dette brukte dei tid saman – både i Hardanger, der utstillinga finn stad, og i Bergen. Me la til rette for møte og verkstader, og for besøk til verkstader, studio og atelier, slik at dei fekk tid til å arbeida side om side. På denne måten er praksisane forankra i ei djup forståing av kvarandre, og kunnskap frå Hardanger kjem til syne på nytt gjennom nye hender.
Storeteigen bygdetun, som blir verna og teke vare på av Kabuso og er ein del av Hardanger og Voss museum, blei ein base for dei deltakande kunstnarane som bur langt frå Hardanger. Der budde dei i eit historisk hus omgitt av tre og blomar, med ei spektakulær utsikt over fjorden – ein stad der dei kunne bli kjende med eit rikt område fullt av tradisjonar og historie, og tenkja på måtar å knyta seg til dette gjennom dei kunstnariske praksisane sine.
Den endelege gruppa av kunstnarar, designarar og handverkarar blei vald ut på grunn av den sterke interessa deira for materiale og nysgjerrigheita deira etter å læra og absorbera frå omgjevnadene – eit samarbeid med naturen og materiale som er grunnleggjande for kvar av praksisane deira.
Me føreslo par og møte som kunne trekkja kunstnarane inn i samtale med kvarandre og med lokale tradisjonsberarar. Gjennom desse møta har kunstnarane fått høve til å utforska nye teknikkar, materiale og samarbeid – frå tekstil og korgfletting til lokal kultur, funne materiale og oppsirkulert tre. Resultata av desse samtalane og prosessane kjem til syne i utstillinga.
Samtalane med kunstnarane har avdekt tankar om kroppar, arbeid, identitet, fortid, notid og framtid – og formar ei verd inne i utstillinga som fører oss til ein ukjend stad og tid, befolka av karakterar og objekt som kjennest både kjende og ukjende. Desse byggjer forteljingar frå lokale historier, tradisjonar og moglegheitene i materiala: ei kjensle av det kjende, plassert i parallelle dimensjonar, side om side med handverk, historie og det lokale og individuelle.