Søndag 8 November
kl. 13:00
Kunsthuset Kabuso
Arr: Kabuso

Film: Shrek

Velkommen til film i Bornas Kabuso 8. november kl. 13! Me viser den moderne klassikaren Shrek frå 2001, laga av Dreamworks. Shrek: Det var ein gong for lenge, lenge sidan ein umedgjerleg kjempe som heitte Shrek. Han budde i eit myrhol langt, langt borte. Shrek er ein einstøing og trivst best åleine, men ein dag vert einsemda hans invadert av irriterande eventyrfigurar. Lengde 1 t. 30 min. Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2025. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa.     Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund. 

Søn 08.11.2026
13:00
Kunsthuset Kabuso
Øystese
Kabuso
Del på
2026 © Foreningsportal