Søndag 13 Desember
kl. 13:00
Kunsthuset Kabuso
Arr: Kabuso

Film: Husnissene - operasjon bakverk

Velkommen til film i Bornas Kabuso 13. desember kl. 13! Det nærmar seg jul og mange er nok i gang med julebaksten. I den tyske filmen Husnissene – operasjon bakverk skal me vere med inn på eit konditori. Husnissene – operasjon bakverk: I denne filmen vert me nærare kjend med husnissane, som lev for å hjelpe og beskytte andre. Husnissejenta Elfrid har lyst til å oppdage verda og vert ven med den grinete bakaren Theo. Kan ho bli hjelparen hans? Lengde 1 t. 17. min. Tillatt for alle Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2025. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa.     Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund. 

Søn 13.12.2026
13:00
Kunsthuset Kabuso
Øystese
Kabuso
Del på
2026 © Foreningsportal