Fredag
27
November
kl. 19:00
Kunsthuset Kabuso
Arr: Kabuso
Vossastubbar - Per Sivle med jazzensemble
Signe Irene Time – vokal
Øyvind Dale – piano
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass
Raymond S. Lavik – slagverk
Marius Klovning – gitar
Ida Løvli Hidle – trekkspel
I Vossastubbar byr jazzfolkensemblet Significant Time på overmot, vitalitet, varme og folkeleg foreining.
Dette gjer dei for å spegla stemninga i Per Sivle sitt verk Vossastubbar, diktsamlinga som friskt og inderleg skildrar og leikar med folkeleg tenkje- og veremåte på eit gjenkjenneleg og humoristisk vis.
Omtalar:
– «Når ein har skrivekunst på så høgt nivå, er det på sin plass at nivået på musikken står i stil. Ein må seia at her står dei fjellstøtt side om side, som om Sivle sjølv stod og overvar seansen»
Vossa Jazz etterførste framføring av Vossastubbar.
Også: 5 av 5 smalahovud i Hordalands Avis.
– «Signe Irene Time er ein fantastisk vokalist og ein scenepersonlegdom av sjeldan kaliber. Jæren forsyner nasjonen med grønsaker. Nasjonen bør kjenna si vitjingstid og omfamna Significant Time», skreiv Salt Peanuts (2023).
BILLETTAR
|
Fre 27.11.2026 |
|
19:00 |
|
Kunsthuset Kabuso |
|
Øystese |
|
Kabuso
|
Del på