Onsdag
28
Oktober
kl. 17:30 - 19:30
Harrdanger AKS. Dalatunvegen 40, 5600 Norheimsund
Bu- og hjelpemiddelsmesse
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (RMF) arrangerer ei bu- og hjelpemiddelmesse etter Seniormiddagen på Hardanger AKS onsdag 28. oktober.Her kan du møta representantar for ulike interesseorganisasjonar som:
- høyrsellaget
- revmatikarlaget
- osv.
Du kan få råd om tilpassing av bustad av ergoterapeuten og bustadkonsulenten i Kvam.
Hjelpemiddellageret i Kvam vil visa ulike hjelpemiddel og du kan snakka med andre som har liknande utfordringar som du sjølv har.
Kva kan Grannehjelpa med alle sine frivillige bidra med?
Du er sjølvsagt også velkommen om du ikkje skal vera med på Seniormiddagen.
Me held ope mellom kl 17:30 og 19:30 og det vert kaffi å få.
Adresse:
Hardanger AKS sine lokaler i Steinsdalen.
Dalatunvegen 40, 5600 Norheimsund.
Med venleg helsing
Brita Træbakken
- Leiar RMF